Fiskehelga 2011 vart ein suksess!

Me hadde svært interessante innslag og foredrag, og dei som deltok fekk prata av seg litt firsedepresjonar for ei stund.

 

13. - 15. mai

"Feel good" fiskehelg 2011


For andre år på rad vert det FEEL GOOD fiske.

Er du fiskeinteressert....les vidare og meld deg på!


Nå er programmet for fiskehelga klart!
program i pdf

 

Alle som er interesserte i fiske, bør setje av denne helga til ein tjuvstart på fiskesesongen. Me har spanande føredragshaldarar, kastekurs, flugebindarkurs og andre varierte tema.

Målet er å ha det kjekt, pirre sansane og læra noko nytt og nyttig, samstundes som me kortar ned på ventetida.

Fredag har me føredrag og ulike innslag på Fønix. Det vert høve til å få seg ei øl og to i baren. På lørdagen skal me m.a. ha flugekastekurs med Baardsen og Guidline.

Me har også fått høve til å fiske etter brunaure i Etneelva frå Vassenden ned til Håfoss.

Laurdagen serverer me lunsj og middag garantert fri for oppdrettsfisk, me satsar på røye og aure frå Stordalsvatnet.

  • ha interessante tema som kan vera lærerik
  • pirra sansane
  • rettferdiggjera kvifor det er viktig å fiska.
  • få innblikk i andre sine erfaring
  • korte ned ventetida.

Program for fredagskvelden.

Kl.19.30 På Fugl Fønix Hotel i Etne

Morten B. Stensaker:

Morten er kjent frilansjournalist og har skrive fleire bøker og tallause artiklar om fiske rundt i heile landet. Han tek oss med til nokre få spanande stader med flott aurefiske.

Kl.21.00

Me friestar få fatt i BBC sin film om laksefiske i Etneelva fra rundt 1970. Dette er ein fantastisk film!

Kl.22.00

Litt skrøner om malle og andre lokale raritetar.

Program for laurdagen.

Kl.10.00-15.00

Kastekurs med Baardsen og Guideline i sone 3.

Lunsj med grillmat.

Kl.16.00 Middag på Fugl Fønix Hotel

Her vert det lokale råvarer. Villfisk og årstidas ”friske” grønnsaker.

Kl.17.00-18.00

Frode Mortensen ausar av sine kunskapar om sjøfiske med flugestang

Kl.18.30-20.00

Børge Iversen om ”laksefiske for dummies” og fiske gjennom året.



Program for søndagen.

Kl.11.00 - 1400

Oddbjørn Midtbø (Lakseflugene i Jakt&Fiske) lærer oss alt om binding av laksefluger.

Kl.14.30-17.00

Familiedag ved sone 3 i elva

· Fortelle om gode turforslag for dei unge

· Kastekonkurranse

· Grilling

Me tek sikte på å lodde ut flotte premiar som passar

for den fiskeinteresserte.

Heile dagen: Etneelva er open for aurefiske i sone 25-26. Her vert det mogeleg for dei som ynskjer det å freiste lukka. NB! Begrensa antal fiskarar.

 

Keilir, med spanande fluger frå Island, vil vise fram noko av sitt sortiment.

www.keilir.no

superfluger for aure og laks.


 

 

 

 

 

 

 

 

 

 


 

For påmelding:

Send e-post til:

firmapost@rafdal-vapen.no

Eller ring: 913 84 864 (Albert)

982 86 825 (Jarle)

Prisar:

Fredag kr.100,-

Laurdag Gratis

Lunsj Gratis

Middag på hotellet kr.195,-

Søndagen Gratis

Lunsj Gratis

Overnatting:

Me satsar på å skaffe overnatting til dei som treng dette. Fugl Fønix Hotel har kanskje nokre rom att. Eg sjekkar dette i morgon 4.5. og legg ut oppdatering.

Kontaktinfo til hotellet er:

Tlf: 53771440

hotel@fuglfonix.no

www.fuglfonix.no