Skal ein kunne hauste, må ein så! |
|
Aure på 900 gram, som nok har blitt satt ut som yngel. | |
Det er viktig å drive med aktiv kultivering av fiskevatna ein ynskjer skal gi flotte fangstar. Det har i mange år vore drive eit ganske aktivt kultiveringsarbeid i Etnefjella, det som vil bli omtala her, er kultiveringsarbeid i midtre Etnefjell. Det er no 100 år sidan fleire vassdrag i Etne først vart utbygde for å skaffa elektrisk kraft. I fleire tilfelle har dette virka negativt inn på moglegheitene for fiske i desse vassdraga. Haugaland Kraft, som er eigar av dei fleste fallrettane og utbygde anlegg i Etne, har i mange år bidrege med midlar for å hjelpe til med å halde bestanden av fisk på eit brukbart nivå.
|
Elfiske oktober 2005. Fanga rundt 250 fisk! |
For nokre år sidan var dette synonymt med å setje ut yngel ein kjøpte frå anlegg andre stader i sørnoreg, men den siste tida har dette bilete endra seg dramatisk. Me har sjølv teke ein heil del vassprøvar i større og mindre vatn, og no er m.a. ph-verdiane stort sett godt over det som er akseptabelt. Mindre sur nedbør og anna miljøforureining, har på ganske kort tid verte redusert så mykje at det no ikkje er ein trussel for fjellauren. Det heile har å gjera med marginalbetingelsar. Det er ikkje store endringen som skal til i ph-verdi, frå yngelen ikkje overlever, til store deler av yngelen overlever. Dette får dramatiske konsekvensar, og dei siste åra er det mange vatn som er blitt sterkt overpopulerte. Desse vatna er då svært lite interessante for oss som likar å fiske, og dette er synd. Då denne trenden vart oppdaga, fekk grunneigarane av midtre Etnefjell gjennomslag hjå Haugaland Kraft om å omdisponera bruken av midlane dei årleg fekk til kultivering. Det vart no klart at skulle ein gjera fjellet interessant som sportsfiskearena, burde ein kanskje heller fiska ned bestandane i staden for å setja ut yngel. For å få i pose og sekk, vart det løyst slik at ein no fiskar ned bestandane der det er for mykje fisk, og flyttar ein del av denne fisken over til vatn og tjødnar der det er lite fisk, eller manglande mogelegheiter for fisken å gyta. |
Bæring av fisk august 2005. Desse er no blitt rett så fine! |
Allerede no ser me resultat av dette arbeidet. Tjødnar som før var nær sagt fisketomme, har no flott aure å tilby, samt at uttaket av fisk frå overpopulerte vatn skal bidra til at fiskane her veks seg større. |
|
Bilete til høgre, viser ei storruse som i 2009 vart sett ut i Mjåvatnet. Rusa fanga ikkje all verdens med fisk, men på dei omlag 10 vekene den stod, vart det vel teke rundt 600 fisk. Desse vart for det meste flytta over til Løkjelsvatnet, noko som eigentleg ikkje har nokon stor positiv effekt, då det er rikeleg med fisk der og. Det beste ville vore å flytta fisken over til tjødnar og vatn med små bestandard av fisk, eller plasser som ser ut for å vera fisketomme. |
Storrusa som i 2009 og 2012 stod i vestenden av Mjåvatnen |
Det er også ein del ivrige sjeler som flyttar fisk på eiga hand. Eg har sjølv flytta mykje fisk, og eg kjenner fleire andre som har gjort det same. Dette er aktivitetar som fort kan kome på kant med lovar og reglar, men eg har tiltru til at dei som held på med slikt, er såpass interesserte i å ikkje gjera skade, at dei passar på dei farane som er forbundne med å flytta biologisk materiale. Flyttar ein fisk innafor same vassdrag, eller same område, og ein veit at det ikkje finnes kjente sjukdomar på fisken, er det stort sett greit. Pass også på at det ikkje finnes artar som kan verta trua av auren dersom den brått dukkar opp i ei lita tjødn. T.d. kan salamanderen verta utrydda av aure som vert sett ut. Det er sjølvsagt og viktig at ein ikkje set ut for mykje fisk. Det er svært mykje enklare å auke ein bestand, enn kva det er å redusere han om ein har sett ut for mykje. Vurder nøye gytetilhøve og andre faktorar som kan påverke kva mengd fisk ein bør setje ut.
|
Her set me ut fisk som vart fanga i storrusa 2009 |
Skal ein gjere dette med utsetjing av fisk på ein korekt måte, må ein først snakke med lokale myndigheiter, deretter søkje fylkesmannen om løyve. | |