Flugefiske i Etne |
|
Det er nok ikkje til å stikka under ein stol at flugefiske etter vrien fjellaure er det som fascinerar underteikna aller mest. Enkelte gonger er det ufatteleg enkelt å lura fiskane til hugg, medan det andre gonger mest er umogeleg, ja me kan sei det er umogeleg. Det er vel og dette som gjer det heile så spanande.
|
|
Etne har mange flotte vatn som eignar seg bra for flugefiske. Sesongen tek til allereie i slutten avapril, då ein kan fiska lavareliggjande vatn. Her er det ikkje mykje anna enn Litledalsvatnet og stordalsvatnet å velgje i, men Stordalsvatnet kan i alle høve gi brukbar fisk. | |