Sesongen 2010

Det er alltid spanande når ein børstar støvet av fiskeutstyret og planlegg dei første turane.

For 2010 byrja det heile med isfiske etter røye, og dette var relativt nytt for meg. Litt god rettleiing fra kynde personar, førte til at me fekk has på røya både i Stordalsvatnet og eit par andre hemmelege stader. Rekorden vart 1,4 kg.

Trollingfiske etter storauren i Stordalsvatnet var det neste som stod på programmet. Her var opimismen stor, men sesongen gav ingen fiskar over kiloen for min del. Me hadde også alt for få turar på vatnet i den delen av sesongen som brukar vera best. Ein storfisk som var på 5-10 sekund (me meinar han må ha vore brukbar ja) var all kontakt med dei store denne sesongen.

Kven bryr seg vel om slikt når tørrflugesesongen vart slik som for 2010. Eg passerte kilosgrensa heile 6 gonger, noko som for meg er svært bra. Alle fiskane vart fanga i Etne. I tillegg hadde eg ei mengd fiskar like under kiloen, og nedover. 2009 var det motsett. Då hadde eg nesten ingen over 500 gram, og persa for sesongen den 6.september med ein på 690 gram. 6. september 2010 fekk eg ein på 1075 gram, og var bortpå totalt 14 fiskar på fluga same dag!

I 2009 fekk eg ein del fin fisk på sluk i fjellet, over kiloen også, men i 2010 var dette heilt endra. Då var det bra bett på fluga nesten heile sesongen.

Fin fisk på 1005 gram på første kastet på ein tredagars tur i Etnefjella.

Del denne siden med andre!