Stordalsvatnet

 

Stordalsvatnet er eit flott fiskevatn som er lett tilgjengeleg for dei aller fleste. Vatnet ligg 7km frå Etne sentrum, og er omlag 12 km langt.

Vatnet har fleire fiskeartar, men det er aure og røye som er interessante for sportsfiskaren. Ålen er som kjent freda no, og stingsilda (eller vombastikkling, som me seier) er i minste laget.

 

 
Auren er for det meste av ok kvalitet, og dersom ein fiskar frå land med stang, kan ein forvente fisk frå 2-400 gram.Det finnes likevel langt større fisk, og vatnet husar ei storaurestamme som i hovudsak beitar på røye. her er det snakk om fisk opp mot 10 kg, og kanskje større.  
  Aure på 5,5 kg teken på djupdorg og Tomic Wobbler ei julinatt i 2007. Fantastisk!
Del denne siden med andre!