Siste fangst! 3,575 på Bomber i "røyefargar".

Den hadde to røyer i magen, den største ca.200-250 gram.

 

                                 Stordalsvatnet

 

Stordalsvatnet er eit flott fiskevatn som er lett tilgjengeleg for dei aller fleste. Vatnet ligg 7km frå Etne sentrum, og er omlag 12 km langt.

Vatnet har fleire fiskeartar, men det er aure og røye som er interessante for sportsfiskaren. Ålen er som kjent freda no, og stingsilda (eller vombastikkling, som me seier) er i minste laget.

Auren er for det meste av ok kvalitet, og dersom ein fiskar frå land med stang, kan ein forvente fisk frå 2-400 gram.  Kjem ein seg ut i båt aukar sjangsane betydeleg.

Me har dei siste åra drive ein del med trollingfiske som det heiter, eller djupdorg som me seier. Då dorgar ein med utstyr som gjer det mogeleg å koma ned i vassmassane med reiskapen. Erfaringsmassig er det 5-8 meters djupne som skal til for å lokke dei større fiskane til å ta.

Trolling er nattaktivitet, og særskild i tida rett før det vert heilt mørkt, er det me tek mest fin fisk.

Dei store mengdane med fisk har det ikkje blitt så langt, men ganske mange rundt kiloen, og ein på 5,5 kg som pers.

Aure teken på djupdorg og Tomic.wobbler ei natt i juli 2007.

 

Me har dei siste åra ført fangststatistikk for fisket, og det visar seg at juni er månaden med best resultat. Etter dette avtar fangstane, men det er framleis råd å lura opp fine fiskar.

Me nyttar ekkolodd under dette fisket, men det er sjeldan me har nytte av dette ut over å unngå å setja reiskapen i botn. Det viser seg like fullt at når me observerer ein del fisk i vassmassane, då får me han lettast og.

Sørleg vind og kanskje søraustleg kan sjå ut for å vera best.

Jakob med aure på 1,2 teken midt på dagen ein varm julidag i 2009.

Slike får me ein del av. Fin aure på 830 gram.

Dei siste åra har det blitt lite dorging på vatnet. Dette må me få gjort noko med. No i 2011 har me planar om å oppgradera aktiviteten noko. Den andre turen på vatnet 5. juni vart ein suksess. Etter berre halvannan time utpå, small det på ein flott rugg av ein brunaure (vassaure, som me seier). Heile 4,85 kg

Det var forresten svært lite med anna bitevillig fisk. Me hadde ein liten til i båten.

 

 

Denne tok, nok ein gong, på ein 4" Tomic med raud/oransj buk. Djupna var også denne gongen ca.6meter. Me såg elles ein heil del fisk på 11meter.

Berre ei god veke etter at ruggen på 4,85 var eit faktum, fekk me denne nydelege fisken på 3,575. Dette var på turen etter at me fekk den på 4,85, og andre turen i 2011! Den tok på ein sideparavan der det hang ein lang Bomber i lys farge med oransj buk.

Fiskekort for Stordalsvatnet får ein kjøpt hjå E.Grindheim & Sønn i Etne sentrum. Kortet koster kr.100,-for sesongkort, og (eg meinar det er) 50 kr. for vekekort.

Del denne siden med andre!