Sesongen 2010

Det er alltid spanande når ein børstar støvet av fiskeutstyret og planlegg dei første turane.

For 2010 byrja det heile med isfiske etter røye, og dette var relativt nytt for meg. Litt god rettleiing fra kynde personar, førte til at me fekk has på røya både i Stordalsvatnet og eit par andre hemmelege stader. Rekorden vart 1,4 kg.

Trollingfiske etter storauren i Stordalsvatnet var det neste som stod på programmet. Her var opimismen stor, men sesongen gav ingen fiskar over kiloen for min del. Me hadde også alt for få turar på vatnet i den delen av sesongen som brukar vera best. ein storfisk som var på 5-10 sekund (me meinar han må ha vore brukbar ja) var ala kontakt med dei me helst vil ha.

kven bryr seg vel om slikt når tørrflugesesongen vart slik som for 2010. Eg passerte kilosgrensa heile 6 gonger. Året før var elendig med pers på 690 gram den 6.september. Same dato 2010 fekk eg ein på 1075 gram, og var totalt borti 14 fiskar på fluga.

Det virka som om 2010 var eit år der fisken tok fluga langt lettare enn elles. Slukfisket vart sett i skuggen, og det gjer ikkje så mykje. 2009 fekk eg ein heil del fin fisk på sluk, men ikkje 2010, då var det definitivt fluga som regjerte.

 

Fin fisk på 1005 gram som tok ein Streaking Caddis på første kastet.

Slike blir det aldri nok av!

Denne "tok" ein myggimitasjon (kvit) etter nøye kalkulasjonar, og store porsjonar flaks. Desse dagane var det uråd å få fisken til å ta flugene, den hadde fleire "skinnangrep" og missa på fluga. Denne hang bakerst i ryggfinna! Etter 23 minuttars kamp og ein sliten fiskar som hadde sett meir backing av snella enn nokon gong før, måtte han i håven. 1185 gram på sokkalesten, ikkje verst!

Slik er det å ikkje ha med fotograf!

Denne tok på første kastet dag to på ein fantastisk tur først i august.

Eg såg vak og sette meg ned for å observera. Etter kort tid avteikna det seg eit godt mønster, og eg lot fluga landa godt framfor fisken inne på denne ørlitle vika i enden av eit flott vatn. Eg hadde berre sånn passe tru på ein Streaking caddis under desse forholda, men den tok så fint som berre det. Ein av dei flottaste opplevelsane for året. 890 gram, og feit og raud som ein Massey Ferguson.


Denne åt me til middag i går, 9.1.2011!

Tilberedt med chilli og aluminiumsfolie i ovnen, er dette super mat.

Denne fisken hadde eg bortpå sluken og fluga seks gonger to veker tidlegare. No tok han så det suste. 750 gram og første fisk for min del i denne vesle pytten. Super kvalitet.


Kanskje 6. september må bli fast dag i fjellet?

Vel mykje vind ødela for det heilt store fisket, men eg fekk denne flotte fisken på 1075 gram (Aldri fått på fluge her før). Fekk og fisk på 650 gram og fleire rundt 3-400 samme dagen. Men, det vart ein lang tur!

Denne tok på siste kastet. Spektakulært hopp etter fluga som kom dansande på ein bølgetopp bak eit nes der bølgjene frå vinden møttest i ein liten plog. SIkkert ein del mat som samla seg der, og denne var tydeleg svolten. Her er eg sikker på det er fisk på opp under to kilo!


Tolmodigheit og tilfeldigheit!

Me hadde lunsj ved leiren då det brått byra å vaka ein fisk. Utruleg spanande medan Håvard kasta der fisken var på veg. berre to-fire meter frå vasskanten, og me sat ti meter frå og åt.

Ein kan skimta teltet i bakgrunnen.

Det høyrer med til historia at Håvard sleit ein fisk like ved der eg fekk den på bilete over. Den var nok stor, men årsaka var helst ein dårleg knute.


Håvard fekk gromplassen, medan eg skulle blindfiska!

Dette er resultatet av andre kastet. Flott fisk på 1155 gram.

Jo, det er ikkje særleg praktisk med 17 fot fortom, 9 fot stang og to meter vingespenn, men det brukar gå.

Her et me opp 1,2 kilo fisk!

Håvard kom opp på ettermiddagen og låg over i lavvuen. Han var svolten!

Me orka knapt fiska etter dette måltidet.

Meny:

Kokt aure (1,2 kg)

Kokte poteter

Bremyk

Hansa Fatøl

Del denne siden med andre!