Finnes det Malle i Stordalsvatnet?

Det har i mange år versert rykter om "sjøorm" i Stordalsvatnet, og dei fleste av oss har vel berre flirt av desse påstandane.    

Faximile fra Wikipedia:

Den europeiske mallen kan bli opp til 5 meter lang og veie 300 kg, men vanligvis er de ikke større enn 1,5 meter med ei vekt på 100 kg. Den største mallen som er tatt i Skandinavia ble tatt i Båven i Sverige, og var 3,6 m lang og veide 180 kg.

Europeisk malle mangler skjell og er ofte flekkete på overflaten. Ryggfinnen er liten og inneholder bare fire eller fem finnestråler. Den har et bredt, flatt hode med bred munn og mange små tenner. På haken har den to lange og fire korte skjeggtråder som blir brukt som lukteorgan under søk etter føde.

Då eg var liten gut på 7-8 år, var eg på fjellet med foreldrene mine. Eg var med to jevnaldrande og fanga rumpetroll i eit lite tjern like ved hytta (Krypstjødno). Plutseleg vart me var ein utruleg stygg fisk som kom ut av ei lita tuve med siv like ved oss. Eg var kanskje to-tre meter frå fisken som hadde følehår ved kjeften. Den var brun med lysoransje flekker bakover kroppen. Me vart sjølvsagt livredde og sprang det me var gode for attende til hytta. Dei vaksne hadde mange dårlege forklaringar på kva dette kunne vera, men ingen som dei trudde på sjølv heller.

Etter nokre år såg eg bilete av ein malle i ei bok, og då var eg ikkje i tvil, det var ein slik!

 

Europeisk malle lever alene i stillestående vann på 0–30 m dybde. Den trives best på mudderbotn i grumsete, næringsrike sjøer, og er nattaktiv. Om dagen holder den seg i skyggen nede på botnen eller i skyggen av overgrodde elvebredder. Mallen er territorial og hevder revir.

På jaktturene sine fanger voksne maller stort sett fisk, men de kan også ta fugler og svømmende pattedyr. I tillegg er krepsdyr og frosk vanlige innslag i kosten deres. Dersom de får sjansen, spiser de dessuten gjerne åtsel.

Parringstida er fra mai til juli. Hannen bruker snuten til å grave ei grop som hunnen legger de 100 000–370 000 eggene sine i. Hannen befrukter de og passar på de i 2–4 dager før yngelen klekker ut. Disse må likevel greie seg selv helt fra starten.

Denne mallen kan ha vore mellom 1 og tre kilo vil eg tru. Me fiska mykje i dette tjernet, men har aldri sett noko til mallen seinare. Heller ingen andre stygge fiskar har dukka opp på stang eller i garn.


Finnes der ein plausibel forklaring på dette?

Ein kunde av meg som er frå Strandebarm, kunne fortelja at det rundt år 1900 vart teke med ulike fiskeslag av sjøfarande heim at frå langfart. Bl.a. skal det ha blitt teke med malle, og dei vart sette ut i vatn og tjødnar i vårt område.

Ved Fyksesund finnes det ei tjødn der det framleis lever malle, og denne kan visst beskuast om ein dreg dit.


Mallen vert svært gamal, og dersom det vart sett ut malle rundt 1900, ville den kunna ha overlevd fram til 1970-1980.

Eg har vore i kontakt med ulike "ekspertar" på ferskvassfisk, og bl.a. Otte Bjelland på Havfoskingsinstituttet vil ikkje avfeie tanken på at det er malle i Stordalsvatnet. Dette er fullt mogeleg med dei tilhøve dette vatnet kan skilta med. Rikeleg med mat er det og, så den kan nok veksa seg rett så stor.

Kva med om Kommunen lyser ut konkurranse med         kr.100 000,- i premie til den som fangar MALLEN?

Dersom nokon har observasjonar eller informasjon om "mallen", er eg svært interessert i å få del i denne informasjonen. Mange kviar seg nok for å stå fram, og då kan dei leggja att ei anonym melding på gjesteboka på denne sida. Det beste er likevel om ein sender meg ein e-post. Mitt ynskje er berre å sjå om det faktisk kan vera så at det er eller har vore malle i Stordalsvatnet.