Isfiske i Etne

Isfiske er nok ikkje det første me tenkjer på med fiske i Etne. Like fullt er det faktisk mogele, litt avhengig av kva vinteren har å by på av kulde og snø.

Dei få vintrane isen legg seg på Stordalsvatnet, kan det vera ein god ide å freiste lukka etter røya. Røya i vatnet har no ein brukbar kvalitet, og er ein heldig, kan ein få supre fiskar på rundt halvkiloen.Garnfiske om vårane og haustane har avslørt at ein relativt stor del av bestanden er smellfeite flotte røyer på 350 - 400 gram, med nokre som også er enda større.

Det er også nokre få fjellvatn i Etne som husar røye, samt at ein jo kan få auren til å ta under isen og.

 

Del denne siden med andre!