Fjellfiske

 

 

Etne er ein kommune med rikeleg med fiskemogelegheiter. Spesielt fjellfiske gir fantastiske mogelegheiter, med eit "hav" av vatn og tjødnar å velgje i. Nokre stader er lett tilgjengeleg for dei aller fleste, medan andre stader er nok meir avsidesliggjande, og krev at ein er i bra form.

Her ser me ein fin aure på 1,1 kg teken på ein "superpuppa". Fisken vart teken i ei lita tjødn ca 450 moh. på ein dag i juni med sur nordavin.
Aller gjevast er nok fjellfiske med flugestang. Ofte er dette svært krevjande og ner sagt håplaust, andre gonger dreg ein opp den eine fine auren etter den andre......det er då me gløymer alt anna, og berre innser at, jo, det er dette som er livet!
  Håvard lurar opp ein flott aure på 960 gram i ei hemmeleg tjød.

Strype

Ein fin stad å starte sesongen i fjellet, er det såkalla "Strype". Dette ligg (stort sett) på midtre Etnefjell sitt område, men nokre tjødnar ligg på Sørfjellet.

Her er det eit utval av tjødnar og vatn som er lett tilgjengeleg for dei aller fleste. det er bilveg heilt til Skarsstølen, med parkering der. Dette kostar kr.35,- ein kan også løyse fiskekort i same slengen, om ein då ikkje har ordna dette tidlegare.

Stien går så opp langs anleggsvegen og er så merka ut til høgre like etter dammen ein går over, cant miss it!

 
   Aure på 1,65 kg teken på mygg krok 20 på Strype.

Fisket i Strypeområdet tek til i byrjnga av mai. Fisken er då treig og vanskeleg å få, men ein og annan fisk på nymfe, og kanskje til og med ein på tørrfluge.

Mot slutten av mai kan ein rekne med at klekkinga av myrdøgnflugene (Leptophebia Vespertina og Marginata) tek til. Stundom kan dette vera supert fiske, andre gonger er det så mykje ekte vare at det er uråd å få fisk.

Utover sesongen brukar me å fiske mindre og mindre i desse områda. Fisket høgare til fjells lokkar, men ei og anna kveldsstund med stanga blir det. Pass då for all del å ha myggnett og tilhøyrande smurning. Knotten kan, på stille kveldar, nermast eta deg opp.

 
   Flott syn! Masse vak på spanande tjødn på Strype.

Utover sommaren kan fluger som; superpuppan, Europea 12, Str. Caddis og liknande vera gode val. Er det døgnflugeaktivitet, bør du freiste med ein mørk imitasjon av ei myrdøgnfluge på krog 14-16.

 

 
   
   
Del denne siden med andre!