Finnes det Malle i Stordalsvatnet?

Det har i mange år versert rykter om "sjøorm" i Stordalsvatnet, og dei fleste av oss har vel berre flirt av desse påstandane.

Men, kan det faktisk vera slik at det finnes malle i Stordalsvatnet?

Faximile frå Wikipedia:

Den europeiske mallen kan bli opp til 5 meter lang og veie 300 kg, men vanligvis er de ikke større enn 1,5 meter med ei vekt på 100 kg. Den største mallen som er tatt i Skandinavia ble tatt i Båven i Sverige, og var 3,6 m lang og veide 180 kg.

Europeisk malle mangler skjell og er ofte flekkete på overflaten. Ryggfinnen er liten og inneholder bare fire eller fem finnestråler. Den har et bredt, flatt hode med bred munn og mange små tenner. På haken har den to lange og fire korte skjeggtråder som blir brukt som lukteorgan under søk etter føde.

Då eg var liten gut og var på fjellet med forelsdrene mine, var me ein dag oppe ved ei lita tjørn like ved hytta (Krypstjødno). Her var me tre stykk som vassa rundt og fanga rumpetroll.

Brått ser me ein utruleg stygg fisk med følehår ved kjeften, som kjem sigande ut av ei lita tuve med siv. Fisken kan ha vore 1-3 kg, og eg ser han for meg som om det var i går. Me vart livredde (eg var berre to-tre meter maks, frå fisken), og sprang tilbake til hytta. Ingen kunne seie kva det var me hadde sett, men i ettertid er eg ikkje i tvil, det MÅ ha vore ein malle.

Europeisk malle lever alene i stillestående vann på 0–30 m dybde. Den trives best på mudderbotn i grumsete, næringsrike sjøer, og er nattaktiv. Om dagen holder den seg i skyggen nede på botnen eller i skyggen av overgrodde elvebredder. Mallen er territorial og hevder revir.

På jaktturene sine fanger voksne maller stort sett fisk, men de kan også ta fugler og svømmende pattedyr. I tillegg er krepsdyr og frosk vanlige innslag i kosten deres. Dersom de får sjansen, spiser de dessuten gjerne åtsel.

Parringstida er fra mai til juli. Hannen bruker snuten til å grave ei grop som hunnen legger de 100 000–370 000 eggene sine i. Hannen befrukter de og passar på de i 2–4 dager før yngelen klekker ut. Disse må likevel greie seg selv helt fra starten.

Kva kan ei plausibel forklaring på dette vera?

Ein kunde av meg frå Strandebarm, kunne fortelja at det rundt år 1900 vart teke med uleke fiskeslag attende til våre område via sjøfolk på langfart. Mallen var ein slik fisk, og den vart satt ut ulike stader i vår region. Det er ei tjødn ved Fyksesund der det framleis er malle.

Eg har freista sjekka desse opplysningane, men har ikkje kome særleg langt i dettte arbeidet. Det eg likevel har funne ut, er at det faktisk ikkje er noko i vegen for at det kan vera malle i Stordalsvatnet. Dette vatnet innehar dei aller fleste av dei kvalitetar som skal til for at eit vatn skal kunna husa malle, og faktisk, for at han skal kunna reprodusera seg. dette har eg frå ein kar på Havforskingsinstituttet.

Mallen blir og svært gamal, og det er ikkje umogeleg at malle utsett rundt år 1900, kan ha vore i livevpå 1970 talet. Det var vel også då den "sikraste" observasjonen vart gjort.

 

Dersom nokon har informasjon som kan vera med å kasta lys over denne saka, ville det vore svært interessant å fått innsyn i dette. Oppfordringa er dermed; skriv ei melding på gjesteboka på denne nettsida om du vil vera anonym, eller send meg ein mail dersom du "vågar" stå fram. Eg vil freiste samle mest mogeleg info, for å sjå om det kan vere "hald" i alt det ein opp gjennom åra har høyrt. Sjølv er eg ikkje i tvil om kva det var eg i si tid såg.
Del denne siden med andre!